Ottar Grasvik

Om kunstnaren

Kort om Ottar Bjarne Grasvik

Ottar Grasvik er fødd på Smøla på Nordmøre, 19. des. 1941.Foreldra var Leif Grasvik frå Tustna på Nordmøre og Klara f. Lyshaug frå Hasselvika i Rissa kommune i Sør - Trøndelag.Familien budde og nokre år i Hasselvika, men flytta seinare tilbake til Smøla. Etter framhaldsskule og handelsskule, bar det etter ei tid til Skogn Folkehøgskule. Han hadde da byrja sysla med tanken på å bli lærar. Her fekk han kunstmaling som valfag, men då skulen ikkje hadde lærarar som kunne rettleie han, skulle han berre male. Dei fleste maleria vart oppkjøpt av elevar og lærarar. I 1961 kom han inn på Volda Lærarskule. Der vart han i 4 år. Her vart det og måla etter som det var elevar som ville ha bilete. Seinare var han lærar i 4 år i Fana ved Bergen. Det var her han tok musikkutdanninga si. Etter å ha gifta seg i 1969, vart han lærar på Hasund skule i Ulstein.Her vart han til han gjekk av med pensjon. Frå 1984 var han organist i Herøy, først i Indre Herøy. Her var han organist i 24 år, til han gjekk av 1.sept. 2010. Han måla heile tida, men etter at han slutta i skulen og pensjonerte seg som organist, satsa han meir på kunsten ei periode, fram til helsa satte ein stoppar for den store produksjonen. Han har vore med på fleire utstillingar, både saman med andre og åleine.
I 2005 gjekk han på målarkurs hos Erlend Grøstad i Telemark. Det vart til stor inspirasjon for han.

Ottar Grasvik har vore tilsett som organist i Herøy og var ofte engasjert som musikar i lag og lyd. Han og kona har no budd sentralt i Ulsteinvik sentrum sidan 2015. Det er mulig å ta turen innom for å sjå på maleri for den som måtte ønskje det.