Ottar Grasvik - Måleri i utval

Naturalistiske måleri

Ottar Bjarne Grasvik er naturalist og har måla ei rekkje maleri med motiv bl.a frå Søre Sunnmøre. Har og måla motiv frå Telemark,Trøndelag, Romsdal, Smøla, Sogn og fjordane og Østerdalen.Han er ivrig fotograf, stadig på jakt etter nye motiv. Sidan han er glad i natur og ivrig med hagestell, vil han gjerne formidle noko av naturopplevingane sine til andre gjennom bileta sine.
Han måler gjerne etter fotografi eller andre bilder,visst nokon skulle ønskje det.

Kort om Ottar

Ottar er fødd på Smøla, 19.desember 1941.Nokre av åra før han tok til i skule, budde familien i Hasselvika i Trøndelag.I 1961- 65 gjekk han på Volda Lærarskule. Har vore lærar i Fana i 4 år. Resten av tida var han lærar på Hasund skule i Ulstein.Pensjonert frå skulen i 2005. Organist i Herøy frå 1984 - 1. sept. 2011. Han er elles nytta som musiker og underhaldar i lag og lyd.Stor interesse for folkeinstrument frå inn - og utland.
Han har måla heile tida, men etter å ha slutta i skulen, har han satsa meir på kunsten. Han har vore med på fleire utstillingar, både saman med andre og åleine.
Har gått på målarkurs hos Erlend Grøstad i Telemark.
August 2009 tok han del i målarsamling på Bjorli saman med mange kunstmålarar frå heile landet i regi av Kristne Kunstneres Forening. Primus motor for dette var målaren Odd Dubland frå Jæren.Denne samlinga var til stor glede og inspirasjon. Særleg inspirert blei Ottar av maleria til Odd Dubland slik vi finn dei i boka:" Odd Dubland. På eigne vegar." Nokre av dei siste maleria syner at han er inspirert frå denne boka. Sommaren 2011 var han på målarsamling i Norheimsund i Hardanger.

NB! Prisane er med ramme visst ikkje anna blir avtala på førehand. Ein del nyare maleri, er lerret på blindramme som ikkje treng ramme. Prisane er veiledande og kan justerast etter avtale.

NB! Ved å klikke på eit bilde, blir det større! Lykke til!

Ta kontakt

Telefon: 48 39 41 20
Epost: ottar@grasvik.no.